søndag 27. september 2009

Tidsbruk - prioritering

Min tidsbruk i går:
- 1 time og 40 min på å sjå "Hangover"
- ca. 1,5 timar på å ete
- 30 min på å lese i "Det musiske mennesket", som er del av pensum
- ca. 5 timar på førelesning
- 20 min. på å rulle ut ein dorull nedover trappa, og så rulle han saman igjen, fordi eg ville finne ut kor mange tørk det er i ein dorull (240)

Det siste var eit innfall som eg straks innsåg at var heilt forrykt, men som eg likevel gjennomførte fordi eg etter litt ettertanke skjønte at eg hadde fryktelig lyst til å gjøre det. Eg var svært lykkelig i tjue minutt, og er framleis storfornøgd med og stolt av å ha gjort noko av den enkle grunn at eg hadde fryktelig lyst.
Eg håper at ingen av dei andre på TSN les dette, for da vil eg ikkje vere i stand til å sjå dei i auga på ei veke.

onsdag 23. september 2009

FBI

For dei som ikkje fekk med seg at mange elevar frå Rønningen, deriblant fleire medlem av TSN, var å sjå på TV i dag: Vi var på TV i dag. Ganske morsomt blei det også, særlig fordi vi hadde varsla vennar og kjende om at vi kom til å delta i ein test på Forbrukerinspektørene, og så opna programmet og handla berre om tåteflasker med miljøgift i i eit kvarter før dei kom til turkokartesten vi hadde vore med i. Noen spurde om det var oss dei hadde testa tåteflaskene på. Artig. At den eine av leiarane på TSN blei omtalt som elev på Rønningen var også gøy.
Forresten! Konserten er snart klar til å begynne å øve på! Vi har ein superkul fellesdans ferdig. Vi har bestemt kva songar vi skal ha. Vi har skrive ferdig manus (iallfall så godt som). Premiere 19. oktober! Lang nok tid til å øve? Håper det...

tysdag 22. september 2009

Endelig brød til folke-! -høgskolen

Dei første tre vekene på skolen har det vore ein del lite tilfredsstillande likskapar mellom madrassen i senga mi og brødskivene vi får til måltida. Begge delar har vore mest luft og minna litt om skumgummi. Madrassen blir like tynn som handleddet mitt når eg legg meg på han. Brødskivene blir like flate som teposar (ikkje det at eg legg meg på dei.) Det er eigentlig kjekt at madrassen blir så tynn - det betyr at freistinga til å ligge og dra seg minskar betraktelig når eg vaknar på han om morgonen. At brødskivene berre er luft er ikkje så bra, for alt det fører til er at eg får ein masse luft i magen og at eg må ete seks brødskiver for å bli mett, noko eg ikkje har tid til - så no har eg ete havregrøt og knekkebrød ei stund.
MEN I DAG! var det noko som minna mistenkelig om heimbakt brød til frukost!
Hipp hurra - alt er bra.
Profilane våre på KM sine sider kjem forresten snart på nett (trur eg...?) Sjekk ut!

onsdag 16. september 2009

Lars Monsen neste...?

Oi, så gøy! Eg kjem på TV om ei veke. Etter fire dagar på tur i Nordmarka var vi tydeligvis tilstrekkelig villmarksaktige til at NRK var interessert i å bruke oss på TV, så gjennom ein avtale ein av lærarane hadde med (trur eg) ein fyr i turforeininga, fekk vi vere med som statistar i TV-bilda til ein test av gassbrennarar som FBI skal vise fram neste onsdag. Utan sjølv å ha sett noen av opptaka, trur eg at det kan bli ganske artig. Så benk dykk framfor skjermen onsdag!
Vi har, som nemnt, vore i skogen noen dagar. Overnatta på - viss eg ikkje hugsar feil - Øyungen, Kikut og Nordmarkskapellet. Kanskje ikkje den barskaste turen i Noregshistoria, men vanvittig hyggelig.
På TSN-fronten har vi no éin dag til å finne ei ny historie til konserten. Men det går sikkert fint. Håpar vi. Vi har to-tre lure forslag vi kan gå for så snart vi får diskutert det alle saman saman. Og så er det å begynne å jobbe med dans og songar.
Mamma stakk innom i dag på veg til pilegrimsvegen i Spania. Ho fekk ein kopp te, og eg fekk ein bag full av ting, som strikkepinnar, vinterklede, første Tidshjulet-boka til research, og ei KNAGGEREKKE SOM KAN HENGE PÅ DØRA! Fantastisk! Da er eg klar for haustferie om noen veker... :)

laurdag 12. september 2009

Opp i skogen

Etter ein hendingsmetta dag, med steinhardt programskapingsarbeid og eit fantastisk besøk hos Hank von Helvete og gjengen på Jesus Christ Superstar, sitt store delar av TSN no i stua i første etasje i Kråkeslottet og stirar i dataskjermen. Pakking er unnagjort (iallfall for min del) for firedagars tur i marka frå og med i morgon.
Den som er flink med datoar og tal vil skjønne at vi er i skogen under valet. Vi skal halde valvake i Nordmarka. Stemninga er litt spent, etter overveldande blå tal frå TV2 si (heldigvis feilaktige) siste meiningsmåling. Hove-brørne har nettopp oppfordra alle til å pakke lett så vi er klare til å stikke over grensa til Sverige eller hoppe på nærmaste fly til Sveits i tilfelle skjebnesvangert valresultat. Og å ikkje glømme øks, i tilfelle det blir væpna revolusjon og vi må blø for gamle Noreg.
På den lysare sida er det ikkje lange strekninga vi skal gå, så turen i seg sjølv blir iallefall berre kos, med ein trivelig gjeng ungdommar. Og skulle ting gå galt på valnatta, så får vi heller skru av radioane og kjempe raud-grøn-blå-gult mot mørkeblått i Nordmarka. Det kan forsåvidt også bli gøy.

onsdag 9. september 2009

Og rulle som ballar trillar vi ut til hausten...

I kveld har eg ete siste rest av Ane si bursdagskake til kveldsmat. Skalkane av bursdagskaka til Elise opptrådde på menyen rundt lønsj, og klokka tolv i går natt blei den same kaka offisielt opna, saman med is og peanøtter. Live har bursdag om noen få veker.
Samtidig held vi på med å tapetsere den eine stueveggen med Smil-papir, etter at eit Kiwi-raid resulterte i 298 rullar Smil (slik er livet her, Steinar og Marianne!) Ørevoksen får snart blå skrift og Freia-merke på seg. Når vi skal på turné kan dei bruke oss til å trille flightar på.

måndag 7. september 2009

Dramatiske hendingar! Spenning!

Kråkeslottet har ei trapp - vel, det er vel eigentlig meir ein stige - som går frå første til andre etasje på utsida av huset. Den første dagen i huset blei spørsmålet stilt: Lurer på kven som blir den første til å dette i den trappa og knekke nakken?
Spørsmålet om kven som er førstemann til å knekke nakken står enno utan svar, men førstemann til å dette i trappa blei Live. Okla blei litt øydelagd, og legen sa to dagar i seng og to dagar i ro. Dermed går alle no i trappa inne i huset. Ho er minst like bratt, men har ikkje like dårlig rykte.
Showet har vi komme godt i gang med - ramma og plottet rundt det er ganske klare no.
Utanom dette, for å svinge innom kategorien plagsam tastaturdiaré, har eg i dag skaffa meg lånekort på Deichmanske bibliotek, og ein skikkelig lur matboks med skjerefjøl, sil, spork, fat, bolle, kopp med lokk, og vasstett boks. Takk for at eg får informere.

laurdag 5. september 2009

Første innlegg!

Eg sluttar meg herved til bloggaranes rekker.
Eg lover at eg ikkje skal bruke bloggen til å fortelje verda kva genser eg hadde på meg i dag, kva type kaffe eg drakk til lunsj, eller andre ting verda bør sparast for å få vite.
Eg lover også at eg ikkje skal la meg freiste til å la ytringsdiaré søple til bloggen med unødvendige innlegg av annan karakter.
Grunnen til at eg har fått meg blogg, er at eg har flytta til Oslo, og at eg er på TenSing Norway i år, sånn at eg for første gong verkelig kan komme til å hamne i den situasjonen at eg har noko spennande å formidle.
Les, den som vil. Den som ikkje vil - hugs at her er det ingen tvang.