laurdag 22. mai 2010

Ny plan?

Det har blitt tomt på skolen. Vi er ferdige med oppgåveskrivinga som den siste tida har tatt mykje krefter og merksemd. Det er berre noen veker igjen av TenSing Norway-året. Det er på høg tid å tenke på vegen vidare.
Eg har lenge hatt planar om å studere i Trondheim til neste år. Faktisk har eg vore såpass sikker på det at eg har utbasunert det ganske bastant til vennar og kjente som har spurt. Men brått er eg ikkje så sikker lenger.
Det slo meg nylig at fem år er veldig lang tid. Og det er langt frå Trondheim til Tromsø. Eg trur ikkje eg er klar for å sparke så hardt frå og hoppe så langt enno.
Derfor har eg i dag, mens skyene har lege som eit piknikpledd over eit varmt Oslo, brukt tida frå eg stod opp til å sjå på korleis ting kan gjørast annleis på ein måte som lar meg vere i Tromsø eit år til. Å flyge på egne venger betyr ikkje nødvendigvis å flyge langt vekk - det betyr å flyge dit ein vil. Og no vil eg heim ei stund. Kanskje kan eg ta eit årsstudium på UiT, eller berre jobbe eit år, og bruke tid på å skrive litt, og på å vere saman med søskena mine, som eg føler eg har forsømt litt i år. Så kan eg heller flakse til Trondheim neste år, når eg har fått litt fred i sjela.

laurdag 15. mai 2010

Tomt på Rønningen

No har alle reist. Det er veldig rart. Takk for året som gjekk, Rønningen - vi skal ikkje glømme.
I vekene som kjem skal vi konsentrere oss om oppgåveskriving og lesing til eksamen. 17.mai-feiring og andre festligheiter blir så klart små humpar i den opplyste veg, men sånt treng vi jo. Eg sitt forresten i leikekomitéen for 17. mai (aleine).