måndag 30. november 2009

Vellykka og mindre vellykka prosjekt

Det er for tida noen prosjekt på gang i Kråkeslottet. Eg skal nemne dei i den rekkefølgjen dei blei problematiske, og sia det berre er eitt av dei som ikkje blei det, tar eg det først: Vi har shaina opp heile huset, for det er vaskeinspeksjon i morgon, og dessutan er vi straks inne i desember. Det har komme eit bitte lite juletre på rommet til Beate, Elise og meg, og eg har fådd ein heilt FANTASTISK adventskalender i ein stoooor pakke i posten. Og som om ikkje det var nok, fekk eg i pakken også eit lilla silkeband og tjuefire nellikspiker - så no har vi venteappelsin i vindauget.
Det var det uproblematiske prosjektet. La meg no gå vidare til det første som bydde på problem: ommøblering.
Beate er visstnok glad i å ominnreie - ho seier ho gjør det ofte heime hos seg sjølv - så i eit anfall av akutt møbelflyttetrong flytta vi rundt på dei to køyesengene i rommet vårt. Planen var å skvise begge to inn i eitt hjørne av rommet, slik at vi fekk større golvplass. Det skal nemnast at vi allereie har det romsligaste rommet i huset. Det var likevel akkurat éin cm for smalt til at planen vår fungerte. Etter ein time med møbelflytting hadde vi til slutt flytta klesskapet som stod innerst i hjørnet bak døra der kor klesskapet ytterst i hjørnet av døra stod. Og motsatt.
Det neste problematiske prosjektet var ikkje eigentlig vårt prosjekt. Vi har to guterom i Kråkeslottet, med tre gutar i kvart. Dei har no gått inn i ein pepperkakehuskonkurranse. Rommet i andreetasje var ikkje heilt heldige med steiketida. Eller kanskje var det at dei ikkje satt og såg inn ovnsdøra mens kakene steikte, som ein vel helst bør gjøre. I alle fall blei pepperkakene farlig svarte og utløyste ganske kjapt brannalarmen, sånn at heile TenSing Norway måtte evakuere ut i vinterens første snø klokka halv tolv søndag natt.
På den lysare sida betyr dette at dei to øvste etasjane i huset har lukta pepperkaker i over eit døgn, noko som så klart gir litt stemning.
Og så til dagens prosjekt. Det skjedde på grunn av omfordelingstanken: Stua i toppetasjen er veldig tynt møblert. Kjellaren i huset er smekkfull av gamle møbel. Så Ingeborg, Live og Ingrid Nesland fekk lånt ein nøkkel og tatt seg inn i kjellaren, på jakt etter ein sofa. Dei var det nok av der nede - både sofaar og senger og hyller og på toppen av alt ein Harley Davidson stod på oppbevaring. Så dei ovannemnde, Kristine, Maria Kråkenes, Beate og underteikna flytta ut først motorsykkelen, og deretter ei seng og ein sofa. Senga fekk akkurat ikke plass i bagasjerommet på bilen til Rønningen, og sofaen fekk akkurat ikkje plass i baksetet, så da vi kjørte mot øversida av huset stakk sofaen ut sidedøra og senga ut bakdøra, med to stykke i bagasjerommet og éin gåande bak for å halde på ho.
Den litle detaljen som gjorde det heile så spennande, var at handbrekket ikkje var heilt til å få styr på. Først fann sjåførane det ikkje. Da dei fann det, sette dei det på for å vente på ei luke i trafikken. Luka kom. Luka gjekk. Ny luke kom. Den nye luka gjekk. Vi tre i bagasjerommet lurte litt på kva som stod på, heilt til vi skjønte at dei to i framsetet ikkje fekk handbrekket av igjen.
Etter nok tid til å hente ein fotograf og dokumentere kattepina kom heldigvis ein lærar på Rønningen forbi og fekk fridd bilen, sånn at vi kunne kjøre i sneglefart oppover vegen dei femti metrane til døra i tredje etasje. Etter å ha rygga bilen inn i oppkjørselen blei det klart at handbrekket no ikkje lét seg sette på, så mens Live stod på bremsen, flytta resten av oss møbla inn i huset.
La oss håpe at vi ikkje må flytte dei ned i kjellaren igjen når skoleåret er omme.
God første desember til alle samen!

måndag 23. november 2009

Fantastisk velkomst i Oslo!

Ein fortreffelig turne blei avslutta med ei natt med blodsmakshost og influensaverk på madrass i Jesus Checkpoint-kyrkja i Erfurt - men sånt må ein visst rekne med, skal ting gå opp i opp. Det var dermed ei lita lette å få stå opp klokka halv fem for å pakke dei siste sakene sine og hoppe i minibussen til Berlin lufthamn Schönefeld. To sikkerheitskontrollar, éin flytur og to bussturar seinare stod vi på trappa til Kråkeslottet. Og for ei trapp!
Den gamle, bratte trappa vår var vekk, og erstatta av ei flunkande ny ei med betraktelig mindre stigningsvinkel og enormt krympa livsfare. Men det stoppa ikkje der. Inne i første etasje lukta det uventa godt. Vi hadde frykta å bli møtte med Islandlukt x 4; alle gjekk rundt og mistenkte ein namnlaus "noen" for å ha glømt å ta maten sin ut av kjøleskapet før vi fór. Men i staden var det lukta av eit hus utan fukt, takka vere nyinstallert varme i kjellaren, som møtte oss. Hurra!
Men det stoppa ikkje der heller! I trappa var det svarte belegget på vatnrøra dekt til, og på badet i trappa - halleluja! - hadde vaktmeistrane sett inn ei vifte i taket!
Fantastisk også å treffe igjen alle på Rønningen. Det blir kanskje litt tungt å sette seg inn i stoffet til julekonserten vi skal ha til helga, i og med at dei andre har jobba med det i tre veker utan oss, men det skal nok gå bra. Vi har jo trass alt blitt rimelig flinke til å improvisere og ta ting fort.
Siste litle velkomstgest frå Rønningen: Velkommen tilbake, Ingrid er daghavande og må vaske fellesareala heile veka. Wuhu!

laurdag 21. november 2009

Slutt på turnéen

Kjempekonsert i Martin Luther Kirche i Erfurt i kveld! Eit par hundre publikummarar og sykt god stemning, pluss litt freestyling på tysk frå både Christiane og undertegnede, pluss eit par heiagjengleiarar som plettfritt framførte "Sie sind mit mir, und wir sagen".
Heile veka har det vore full pupp med skolekonsertar her i Thüringen - opptil sju på éin dag. Vi er no ein sliten gjeng, og etter ein dags kvile i morgon blir det flytur tilbake til Oslo, der vi snilt nok får resten av skoledagen fri. Så er det på'an igjen.
Vi har hatt det fantastisk, og møtt ein masse utrulige menneske som berre gjør ein kjempeglad, og vi kan med stoltheit fastslå at det eine TenSing-koret vi besøkte har fått 10 nye medlem, pluss at nye kor har blitt starta opp i både Jena og Sömmerda.
Det mest fantastiske trur eg må ha vore da tre jenter skulka ein time for å komme på sin tredje skolekonsert med oss i noen andre sin time, eller da vi hadde konsert saman med fantastiske, fantastiske ungar og ungdommar i Sömmerda i går. Eller at to busslaster med dei same ungane kom på konsert i dag.

måndag 9. november 2009

Island og kroppslikskap

No er vi altså endelig komne til Island. Vi landa på flyplassen i Keflavik klokka kvart over tre norsk tid på søndag, i eit landskap som vi kom fram til minna både om Finnmarksvidda og Svalbard, før vi kjørte den femti km lange turen til Reykjavik gjennom horisontal steinur, mosegrodd og vulkansk svart. Taxisjåføren fortalte oss imens om gledene ved islandsk skog, og viste oss eit plantefelt der noen graner i løpet av tjue år hadde nådd ikkje større høgde enn ynkelige to meter. "To foreigners," sa han, "we say that if you get lost in the forest in Iceland - just stand up."
Vi bur no i KFUM-KFUK sitt hus i Reykjavik. Jentene søv i opphaldsrommet, samen med gutane, (inntil det knuste vinduaget i leiliheita dei skal bu i blir fiksa,) all bagasjen, ytterjakkene våre, eit fotballspel og eit airhockeybord som hørast ut som eit mellomalderslag i eit lufteanlegg når det er i bruk. Første kvelden brukte vi til å folde ut klappsenger frå IKEA og planlegge dagens seminar i TenSing-styre-leiing. Så gjekk vi ut i islandsk novemberregn - som er skikkelige saker - og plaska oss over masse vegar til ein bensinstasjon, der vi mellom anna fann eit godteri som heiter "Eitt fett" og eit som heiter "Kropp". Gøy å sjå det på ein pose i butikken.
Noko som leier meg vidare til ei oppdaging eg og Ingeborg Gjengedal Knapstad har funne ut. Det begynte med at vi oppdaga at vi hadde hoftekulen akkurat like høgt, så vi undersøkte og fann ut at vi også var akkurat like høge. Og har skuldrene akkurat like høgt, navlen på akkurat same høgde, like firkanta fjes, veg på ein kilo nær det same. Pluss at namna våre startar på same staving. Litt lettande, altså, å endelig finne ein forskjell: Sjølv om vi har akkurat like lange føter, er mine breiare, og Ingeborg har lågare rist enn meg.
Prestungar, altså, kjem visst ikkje i så mange størrelsar.

søndag 8. november 2009

Bilde

Legg her til noen av dei bilda eg har fått somla fram kameraet lenge nok til å ta i løpet av
turnéen så langt:
Ein ekstremt lykkelig mann som satt bak Kristine på toget.

Kven kaller ein butikk for Tjernobyl gjenbruk?? ... jo, folk i spøkelsesbyen Thisted, der familiepizza er nok til å mette ein liten landsby, og alt - unntatt frisøren - stenger klokka ti om kvelden.

Stine!


... sånn ser det ut når TenSing Norway har slått seg ned ein plass...



... og sånn ser det ut på danske tog.


Litt slapt første dag i København.

Røyking dreper - spør Farao, han er daud.


Nok ein gong første dag i Danmark.


Og noko av det beste med Danmark.
Må til slutt nemne at no, siste kvelden i Danmark, var dei fleste i Fateama på konsert med Kirk Franklin. Vi fekk han til å synge "I am God", og da vi var dei einaste som kunne songen og song med, sendte han mikrofonen ut i publikum til oss. Så vi har sunge mens Kirk Franklin spelte piano til. Ikkje verst, der, altså.
No er neste stopp Island.

fredag 6. november 2009

Mission Denmark complete

Da har vi besøkt vårt siste TenSing i Danmark (det var forresten TenSing Ålborg, ein utrulig koselig gjeng.) Etter to veker med å sove på golv, ser framtida no mjuk ut: Fateama har blitt lova senger på Island. Det vil seie at vi berre må halde ut i natt og i morgon natt, før vi kan sette oss på flyet til Island og vite at vi ikkje kjem til å trenge å pakke ut liggeunderlaget.
Primiteam forlèt oss i morgon. Dei tar eit grytidlig fly til England, der dei skal ha eit tett program med skolekonsertar og hjelpe til med oppstart av noen TenSing-grupper. I kveld og i natt er vi samla her i Århus nok ein gong. Det blir ei veke til neste gong - da skal vi til Erfurt, Tyskland.

Må berre helse til alle!