torsdag 3. juni 2010

Ulogisk

Det tar lengre tid å skrive en eksamen for hand enn med datamaskin, fordi ein må føre inn heile oppgåva to gongar - ein gong som kladd og ein gong som innlevering.
Ein har fem timar på eksamen i vidaregåande, og der fekk ein bruke PC.
Ein har fire timar på eksamen på høgskule, og der må ein skrive for hand.
Ulogisk? Ja. Irriterande? Ja. Ein ekstra time eksamenstid til å føre inn oppgåva, slik at effektiv eksamenstid ikkje blir redusert til to og ein halv time? Ja takk.

tysdag 1. juni 2010

For mykje bibelfag?

I samanheng med nært føreståande eksamen i Bible Fag (i morgon, faktisk) vil eg nemne ein uroande tendens til å ønskje å ytre meg i salmeform, med syntetiske og antitetiske parallellismar og heile greia. Har blant anna laga eit meisterverk for ettertida om sugerøret som av ein eller annan grunn ligg i yttergangen. Synd at det ikkje blei nedskrive og kanonisert.
Vil gjerne få samanlikne livet mitt for tida litt med første mosebok og den andre skapingsforteljinga (den som kjem frå Jahvisten): Historia startar med eit "problem" som så blir løyst utover i historia, men før vi får løysinga på eitt problem, dukkar det opp eit nytt, slik at forteljinga alltid har framdrift, fram til slutten. Slik er mitt liv for tida. Rønningen slutt - men stadig noko å gjøre, for vi må jo lese til eksamen! Etter eksamen i bibelfag? Vi har eit nytt "problem," nemlig eksamen i ungdomsarbeid, slik at historia fortsett. Etter at dette problemet er løyst, er det avslutting og pakking og å vere sosial. Så kjem enden på visa med heimreise frå Kråkeslottet og gjengen. Og så, da?
Jo, da kjem vi til det punktet at alt saman blir berre tull og kvinneundertrykking og jordbruk, før vi går vidare til brormord og blodhemn og babelsk forvirring.
Ein kan få for mykje bibelfag. Eg køddar ikkje.

laurdag 22. mai 2010

Ny plan?

Det har blitt tomt på skolen. Vi er ferdige med oppgåveskrivinga som den siste tida har tatt mykje krefter og merksemd. Det er berre noen veker igjen av TenSing Norway-året. Det er på høg tid å tenke på vegen vidare.
Eg har lenge hatt planar om å studere i Trondheim til neste år. Faktisk har eg vore såpass sikker på det at eg har utbasunert det ganske bastant til vennar og kjente som har spurt. Men brått er eg ikkje så sikker lenger.
Det slo meg nylig at fem år er veldig lang tid. Og det er langt frå Trondheim til Tromsø. Eg trur ikkje eg er klar for å sparke så hardt frå og hoppe så langt enno.
Derfor har eg i dag, mens skyene har lege som eit piknikpledd over eit varmt Oslo, brukt tida frå eg stod opp til å sjå på korleis ting kan gjørast annleis på ein måte som lar meg vere i Tromsø eit år til. Å flyge på egne venger betyr ikkje nødvendigvis å flyge langt vekk - det betyr å flyge dit ein vil. Og no vil eg heim ei stund. Kanskje kan eg ta eit årsstudium på UiT, eller berre jobbe eit år, og bruke tid på å skrive litt, og på å vere saman med søskena mine, som eg føler eg har forsømt litt i år. Så kan eg heller flakse til Trondheim neste år, når eg har fått litt fred i sjela.

laurdag 15. mai 2010

Tomt på Rønningen

No har alle reist. Det er veldig rart. Takk for året som gjekk, Rønningen - vi skal ikkje glømme.
I vekene som kjem skal vi konsentrere oss om oppgåveskriving og lesing til eksamen. 17.mai-feiring og andre festligheiter blir så klart små humpar i den opplyste veg, men sånt treng vi jo. Eg sitt forresten i leikekomitéen for 17. mai (aleine).

torsdag 29. april 2010

Tilbake frå turné

Etter nesten ei veke med rundreise i den sørlige halvdelen av Noreg, er heile skolen no tilbake på Rønningen. Må her understreke at musikalen til Rønningen var skikkelig kul. Håpar vi får han på film når vi fer herfrå.
Men iallfall! Det har skjedd éi litt artig forandring på skolen sia før turnéen, og den er inspirert av SuFH-elevane. På SuFH hadde dei nemlig minnebøker som alle skreiv til kvarandre i, og det har vi også begynt med no. Så no er det ein vaksande haug med minnebøker i elevstua. Veldig koselig. :)
Har forresten bursdag om to dagar! Hurra!

fredag 23. april 2010

Musikalturné - eit dikt

Vi er på musikalturné
Je je
Rundt omkring på Vestlandet
Je je
Bur på Sufh for øyeblikket
Je je
Ingenting så fint som det
Je je
Førde, Bergen, Stavanger får vi se
Je je
Så skal vi se om æg kan finne fleire ord som rime på -e
Je je

måndag 19. april 2010

Voggast i søvn

Det å bli vogga i søvn er iallfall i utgangspunktet ein koselig ting. Men så kjem det jo an på kva ein legg i uttrykket, for som alltid kan det tolkast forskjellig.
Vi er heime igjen frå turné, etter eit halvt døgn i båt og eit kvart i buss. Huset er useielig skittent, og eg har BÅDE husvaskveke og oppvaskdag. Ergo sitt eg her med PC-en på fanget og drikk te. (?)
Poenget eg ville fram til med vogginga er iallfall dette: Å sove ombord i eit transportmiddel inneber ofte å bli vogga i søvn - du blir vogga, mens du søv. Resultatet blir at når du kjem i land, eller av skinnene, igjen, så er du i praksis Jack Sparrow. Her eg sitt og tastar kjennast det som om Kråkeslottet står på gyngande grunn (noko som riktignok ikkje ville overraska meg, men som eg veit berre er eit resultat av ein forvirra balansenerve). Men kuren er jo også grei: Sov i ei normal seng igjen! Da blir alt bra.

fredag 16. april 2010

Vulkanoske

Mens vi ante fred og ingen fare her i Ziegenhain, Tyskland, har det skjedd saker og ting paa Island - som saa mange gongar för. Denne gong har det likevel ingenting (eller iallfall meir indirekte noko) aa seie for finansmarkedet: Ein eller annan vulkan har som kjend gaatt i lufta. Eitt blikk paa kartet over spreiinga av vulkanstövet er nesten litt skummelt: Det siktar seg rett inn paa Noreg, Nordsjöen og saa heile Vest-Europa. Det blir spennande kva dette gjör med klimaet, for ikkje aa seie luftfarten i Europa, i og med at Frankfurt er stengd. Det det iallfall har gjort, er aa sperre vegen vaar heim til Oslo. Dermed blir turneen korta ned ein dag, og vi fer fraa Ziegenhain allereie söndag, istadenfor mandag, og fartar over til Sverige med ferje för vi tar buss til Oslo.
Bortsett fraa dette er alt straalande. Ziegenhain har Tysklands elste TenSing og dessutan ein iskrembutikk som er til aa dö for, saa vi trivst godt.

laurdag 10. april 2010

Bilde frå Ungarn




Eg kan godt nemne at vi har halde "norsk aften" i Bekescaba i kveld, men hovudsaken er likevel bilda. Her er litt frå oss som har konsert framfor eit teater her saman med Bekescaba TS, ein god del bilde av det fantastiske vêret vi har, ein parlamentsval-plakat for eit kristent radikalt konservativt/radikalt kristenkonservativt/kristenradikalt konservativt/radikalkonservativt kristent parti (ifølgje dei ungararane eg stoler mest på når det gjeld politikk er dei "idiotar"), og ikkje minst noen skjelvande foto frå turen opp i klokketårnet, som blei ein nervepirrande affære.

fredag 9. april 2010

Ungarn-tips

Skal du noen gong til Ungarn, hugs dette: Yoghurt betyr tydeligvis ikkje yoghurt, men smør. Tenk på det før du legg to spiseskeier på fatet ditt!

Ungarn

Det første ordet ein lærer når ein kjem som flyturist til eit land, er "toalett". Eg hugsar ikkje akkurat kva det var på ungarsk, men det inneheldt o-ar og slutta på -k (skjønt k-en er berre fleirtalsendinga, har eg oppdaga). I Ungarn skil dei heller ikkje mellom han og ho, så her er det duka for artige situasjonar når dei skal prate engelsk.
Vi er saman med TenSing-gruppa til KIE (Ungarsk KM) i Bekescaba, fem timar unna grensa til Romania. Fleirtalet av teamet er fordelt på vertsfamiliar. Eg, Cathrine og Ingeborg bur i ei leiligheit over den lokale lutherske skolen. Det er godt og vel plass til seks personar fordelt på tre rom, men ingen av oss hadde lyst til å sove aleine, så vi skvisa inn ei dobbeltseng til i det smalaste soverommet, sånn at vi ikkje lenger har noko golv der inne. Men DET gjøkkje nokka!, som dei seier.
I går hadde vi ein del skolekonsertar på religiøse skolar, og også ein konsert framfor det lokale teatret, som har sponsa KIE Bekescaba med pengar til å få oss hit (dei er den største, men fattigaste delen av KIE i Ungarn. Lite pengar, men mange folk - sånn blir det når ein bur i ein av dei fattigaste regionane i Ungarn). Under denne siste konserten var det både ein TV-mann og ein bladfyk til stades. Akkurat no kjem dei andre inn døra og rapporterar at dagens avis har framsida "Magiske TenSing". Her er ei nettside som blei oppdatert i går:

http://bekesmegye.hir6.hu/ckk/41107/100408_miert_eppen_a_norvegok

Sjekk gjerne ut bildegalleriet - det er bilde av skoa mine der. Under bildet av Marius hevdar journalisten at han liknar på Liam i Oasis.
Vêret er upåklagelig, og sommarlig som berre det. Trea blomstrar, og det er 25 grader i sola. Heilt sia vi landa har eg hatt følelsen av at eg eigentlig er på ein slags gigantisk minigolfbane, for det er så uverkelig grønt.
Vi såg forresten også ei fersk, sannsynligvis dødelig bilulykke på vegen hit. Vegane er heilt strake, og landet er heilt flatt, og dermed blir forbikjøringane til tider livsfarlige.

måndag 22. februar 2010

Tilbake!

No er det vinterferie, og vi har sete på nattoget til Oslo frå elleve til seks. Så var det rett opp på Kråkeslottet og pakke. Turnésekken er tømd, kofferten står klar til å pakkast, og bussen til flybussen til flyet til Tromsø går klokka eitt. Hurra!

onsdag 17. februar 2010

Endelig i Bergen


Etter tre veker med konstant omflakking er det deilig å få sove på eit rom der ein kan rote utan å grue seg til å måtte pakke alt saman ned igjen om noen timar.
Vi har slått oss til for veka på Ynglingen i Bergen, der vi søv på firemannsrom i senger som ser ut som fengselsinventar og hørest ut som ein hønsegard. Og det er ikkje berre vi som har slått oss til her: Utanfor vindauget sitt det til kvar tid minst eit halvt dusin duer. Dei byksar att og fram over gapet mellom eit rør oppunder taket på vårt hus og taket hos naboen - ein avstand på maks to meter. Kurring og vingesus er konstant bakgrunnsstøy. Det er som ei blanding av Helvetesgapet frå Ronja Røverdatter og Brødrene Løvehjerte. Innimellom all duelyden står Korskirken for fem minutt med ringing ca. kvar heile time, og Bergen by har nok av trafikk, så stille blir det sjeldan.

Som venta er folk blitt sjuke. Etter tre veker som forplikta til å vere i toppgir og fulle av humør, har mange blitt ikkje berre litt, men veldig slappe no som dei endelig har sjansen, meg sjølv inkludert. Eg tok meg ein liten lur som enda opp med å bli tre timar lang i formiddag. Beate i køya under har sove enda meir, sia ho bryggar på ein influensa.

Vi er likevel ikkje heilt uverksame her. Både i går og i dag har vi hatt studie, først gruppearbeid med eksegesene, og så førelesing om hermeneutikk. Tastatura hamrar og slår og det blir skrive intenst. I kveld besøker ein gjeng Bønes TenSing, og mandag var vi på visitt hos Ytrebygda TenSing. For ikkje å snakke om i går, da nesten heile TSN var hos Marte og fekk bollar og fantastisk kakao med krem. Det var feitetirsdag. I dag er det som kjent oskeonsdag, og vi er i gang med fasten. Tradisjonell faste på TenSing Norway er ikkje å anbefale, sia ein aldri veit kva ein får til middag, men i alle fall kan vere sikker på at det inneheld kjøtt, så dei fastande har vald berre å avstå frå sjokolade og desslike.

torsdag 11. februar 2010

Kiwi - vår alles venn

På vår ville vesle utflukt frå SuFH til Kristiansund og Molde var vi innom Kiwi på Moa og i Molde. Resultatet på Moa blei ein berepose med kjeks, to pakkar omega-3-kosttilskot og ikkje minst ca. 2000 kroner, som resulterte i ein ruter for CS-gjengen, slik at dei kan spele over alt. Tjuhu.
I Molde endte det med dette:



11 kg potetskruar!

Veldig koselig å sove hos farmor i Molde, og også fantastisk flotte konfirmantar vi fikk med oss på den dramagruppa vi hadde der i to timar, som tante Marit sikkert kan bekrefte.

måndag 8. februar 2010

Tour de Sogn og Fjordane

Vi har no vore i Trivselsfylket i ei veke. Starta på Nordfjordeid etter over eit døgn på reise frå Hamarøy (reisa kosta forresten fire reinsdyr livet midt på natta. Interessant kva som skjer, eigentlig, når eit tog i høg fart treff fire reinsdyr som står på rekke bortover sporet: Førstemann blei berre skoten ut i lufta som ei kanonkule, og landa ca. ti meter lengre fram, noen meter nedanfor sporet. Einaste spora mellom samanstøytsstaden og landingsplassen var noen lette penselstrøk over snøen der beina feide borti brøytekarmen. Andremann såg ut som haggis. Eller kanskje lapskaus. Tre og fire var daude, heldigvis, men ikkje på like spektakulært vis.)

Nok om det. I sogn og Fjordane har teamet vårt - Infiniteam - vore litt rundt omkring, blant anna på Sandane, i Stryn og i Vik. I Stryn besøkte vi Moods of Norway sin butikk, og det blei ein del spleising og rabattutnytting, med det resultat at eg no for sju hundre kroner har ei fantastisk jakke og ei kul T-skjorte i ryggsekken. Veka blei avslutta med Vintertreff i Vik i Sogn, der vi opptrådde med konserten vår saman med CfC.

For augeblikket er vi på SuFH, der vi skal ha base i noen dagar. Kristiansund tirsdag, Molde onsdag, Ålesund torsdag, og så Vintertreff i Ålesund fredag, lørdag, søndag. 350 deltakarar med oss medrekna.

søndag 31. januar 2010

Tidenes ferieidé?

Akkurat no er vi i Eid kyrkje like ved Stryn, etter å ha sete på rumpa i tog og buss i tjuefire timar. Etter å ha tatt nattoget frå Fauske til Trondheim, tok vi vanlig tog til Otta, der vi bytta transportmiddel til buss. Mellom dette byttet var det ein pause på tre timar. Den fylte vi med middag, opphald i internettkaféen på togstasjonen, og ein tur til Statoil, og det var altså på Statoil at den fantastiske ferieidéen dukka opp. Sannsynligvis var inspirasjonen først og fremst at vi stod nesten ti stykker og campa rundt kaffeautomaten: Kor gøy ville det ikkje vere å leie ein campingbil, trykke så mange som mulig inni - og da meiner eg ikkje fem-seks, men eit dusin eller meir - og kjøre nedover Noreg med ein statoilkopp kvar. Så kunne ein parkere campingbilen utanfor stasjonen, og så opphalde seg der som ein annan grasshoppesverm i, tja, eit par timar, kanskje, med full fest på kaffe og kakao. Muligvis ville dette vekke litt oppsikt.

Muligvis ville det også vere litt synd i den stakkars statoilstasjonen.

torsdag 28. januar 2010

Nordlys og vêr

Nemnde forresten ikkje at vi tok oss ein tur ut mens vi var på Myre og det var klart. Vegen var iset og glatt, så eigentlig burde vi vel ha sett ned, men heile poenget med turen var å sjå om vi kunne få auge på noko nordlys. Og det gjorde vi, til laber, men tiltakande begeistring frå Eirik og Thomas (Bergen og Førde). Det var først litt skepsis til om den bleike greia på himmelen var nordlys (som jo som regel blir framstilt som neonskarpt grønt) eller berre ei sky. Etter kvart vaks likevel entusiasmen, særlig når vi kom litt unna husa og lysa.
Vêret er reine utstillingsvindauget. Vi har som sagt hatt klarvêr med nordlys, tett følgt av full storm, regn, og no snøkov og fokk.
Må berre seie tusen takk for statoilkoppen min som eg fekk til jul, for det viser seg at ikkje berre får ein kakao og te gratis med han, men ein får også halv pris på bollar. Hurra!

onsdag 27. januar 2010

Ny turné!

No er vi i Lofoten, på ei rorbu i Vågan. Om litt skal vi ha konsert på eit kjøpesenter her, og i kveld skal vi vere med på nystart-øving av Vågan TenSing.
I helga har vi vore i Myre i Vesterålen, der vi over tre dagar hjelpte noen lokale eldsjeler til å starte opp ei TenSing-gruppe. Underlig korleis tre dagar går i eitt når ein er dag og natt i same bygg utan å gå ut.

tysdag 5. januar 2010

Slutt på jula!

Siste dag jul i dag, og no har vi altså komme tilbake til Kråkeslottet alle saman. Det gledar meg også å melde at sjølv om ingen - INGEN! - av alle mine vennar, kjende eller slektningar syntest det passa seg å gi meg det eg ønskte meg MEST til jul - nemlig gaffateip - så har eg tatt steget og kjøpt meg ein rull sjølv. I løpet av ein dag har eg teipa opp eitt bilde og to hyller. Ei av dei var den som hang over senga mi i noko dårligare teip tidligare. Men når ein teipar noko med gaffa, så held det seg teipa! Eg treng altså ikkje lengre å frykte for livet mitt mens eg søv - no kjem den hylla ikkje til å dette ned før tapetet gir etter. Nyttigare gåve til seg sjølv skal ein leite lenge etter.