torsdag 29. april 2010

Tilbake frå turné

Etter nesten ei veke med rundreise i den sørlige halvdelen av Noreg, er heile skolen no tilbake på Rønningen. Må her understreke at musikalen til Rønningen var skikkelig kul. Håpar vi får han på film når vi fer herfrå.
Men iallfall! Det har skjedd éi litt artig forandring på skolen sia før turnéen, og den er inspirert av SuFH-elevane. På SuFH hadde dei nemlig minnebøker som alle skreiv til kvarandre i, og det har vi også begynt med no. Så no er det ein vaksande haug med minnebøker i elevstua. Veldig koselig. :)
Har forresten bursdag om to dagar! Hurra!

fredag 23. april 2010

Musikalturné - eit dikt

Vi er på musikalturné
Je je
Rundt omkring på Vestlandet
Je je
Bur på Sufh for øyeblikket
Je je
Ingenting så fint som det
Je je
Førde, Bergen, Stavanger får vi se
Je je
Så skal vi se om æg kan finne fleire ord som rime på -e
Je je

måndag 19. april 2010

Voggast i søvn

Det å bli vogga i søvn er iallfall i utgangspunktet ein koselig ting. Men så kjem det jo an på kva ein legg i uttrykket, for som alltid kan det tolkast forskjellig.
Vi er heime igjen frå turné, etter eit halvt døgn i båt og eit kvart i buss. Huset er useielig skittent, og eg har BÅDE husvaskveke og oppvaskdag. Ergo sitt eg her med PC-en på fanget og drikk te. (?)
Poenget eg ville fram til med vogginga er iallfall dette: Å sove ombord i eit transportmiddel inneber ofte å bli vogga i søvn - du blir vogga, mens du søv. Resultatet blir at når du kjem i land, eller av skinnene, igjen, så er du i praksis Jack Sparrow. Her eg sitt og tastar kjennast det som om Kråkeslottet står på gyngande grunn (noko som riktignok ikkje ville overraska meg, men som eg veit berre er eit resultat av ein forvirra balansenerve). Men kuren er jo også grei: Sov i ei normal seng igjen! Da blir alt bra.

fredag 16. april 2010

Vulkanoske

Mens vi ante fred og ingen fare her i Ziegenhain, Tyskland, har det skjedd saker og ting paa Island - som saa mange gongar för. Denne gong har det likevel ingenting (eller iallfall meir indirekte noko) aa seie for finansmarkedet: Ein eller annan vulkan har som kjend gaatt i lufta. Eitt blikk paa kartet over spreiinga av vulkanstövet er nesten litt skummelt: Det siktar seg rett inn paa Noreg, Nordsjöen og saa heile Vest-Europa. Det blir spennande kva dette gjör med klimaet, for ikkje aa seie luftfarten i Europa, i og med at Frankfurt er stengd. Det det iallfall har gjort, er aa sperre vegen vaar heim til Oslo. Dermed blir turneen korta ned ein dag, og vi fer fraa Ziegenhain allereie söndag, istadenfor mandag, og fartar over til Sverige med ferje för vi tar buss til Oslo.
Bortsett fraa dette er alt straalande. Ziegenhain har Tysklands elste TenSing og dessutan ein iskrembutikk som er til aa dö for, saa vi trivst godt.

laurdag 10. april 2010

Bilde frå Ungarn




Eg kan godt nemne at vi har halde "norsk aften" i Bekescaba i kveld, men hovudsaken er likevel bilda. Her er litt frå oss som har konsert framfor eit teater her saman med Bekescaba TS, ein god del bilde av det fantastiske vêret vi har, ein parlamentsval-plakat for eit kristent radikalt konservativt/radikalt kristenkonservativt/kristenradikalt konservativt/radikalkonservativt kristent parti (ifølgje dei ungararane eg stoler mest på når det gjeld politikk er dei "idiotar"), og ikkje minst noen skjelvande foto frå turen opp i klokketårnet, som blei ein nervepirrande affære.

fredag 9. april 2010

Ungarn-tips

Skal du noen gong til Ungarn, hugs dette: Yoghurt betyr tydeligvis ikkje yoghurt, men smør. Tenk på det før du legg to spiseskeier på fatet ditt!

Ungarn

Det første ordet ein lærer når ein kjem som flyturist til eit land, er "toalett". Eg hugsar ikkje akkurat kva det var på ungarsk, men det inneheldt o-ar og slutta på -k (skjønt k-en er berre fleirtalsendinga, har eg oppdaga). I Ungarn skil dei heller ikkje mellom han og ho, så her er det duka for artige situasjonar når dei skal prate engelsk.
Vi er saman med TenSing-gruppa til KIE (Ungarsk KM) i Bekescaba, fem timar unna grensa til Romania. Fleirtalet av teamet er fordelt på vertsfamiliar. Eg, Cathrine og Ingeborg bur i ei leiligheit over den lokale lutherske skolen. Det er godt og vel plass til seks personar fordelt på tre rom, men ingen av oss hadde lyst til å sove aleine, så vi skvisa inn ei dobbeltseng til i det smalaste soverommet, sånn at vi ikkje lenger har noko golv der inne. Men DET gjøkkje nokka!, som dei seier.
I går hadde vi ein del skolekonsertar på religiøse skolar, og også ein konsert framfor det lokale teatret, som har sponsa KIE Bekescaba med pengar til å få oss hit (dei er den største, men fattigaste delen av KIE i Ungarn. Lite pengar, men mange folk - sånn blir det når ein bur i ein av dei fattigaste regionane i Ungarn). Under denne siste konserten var det både ein TV-mann og ein bladfyk til stades. Akkurat no kjem dei andre inn døra og rapporterar at dagens avis har framsida "Magiske TenSing". Her er ei nettside som blei oppdatert i går:

http://bekesmegye.hir6.hu/ckk/41107/100408_miert_eppen_a_norvegok

Sjekk gjerne ut bildegalleriet - det er bilde av skoa mine der. Under bildet av Marius hevdar journalisten at han liknar på Liam i Oasis.
Vêret er upåklagelig, og sommarlig som berre det. Trea blomstrar, og det er 25 grader i sola. Heilt sia vi landa har eg hatt følelsen av at eg eigentlig er på ein slags gigantisk minigolfbane, for det er så uverkelig grønt.
Vi såg forresten også ei fersk, sannsynligvis dødelig bilulykke på vegen hit. Vegane er heilt strake, og landet er heilt flatt, og dermed blir forbikjøringane til tider livsfarlige.