onsdag 16. desember 2009

To dagar igjen

Lesaren kan så klart ikkje sjå adventskalenderen min, men det kan eg her eg sitt og skriv. No er det berre to posar igjen. Det betyr at om to dagar reiser eg heim på juleferie. Gjett om eg gler meg!
Det er ikkje det at eg ikkje hadde halde ut fire månader til på Rønningen - for det skulle eg nok greidd fint, og det må eg også, etter jul - men det blir heilt fantastisk fint å sjå igjen alle saman der heime. Eg har trass alt ikkje vore nord for Gardermoen sia august.
Eg er veldig spent på å sjå pappa og Steinar, for dei har eg ikkje sett sia eg fór. Mamma og Marianne har jo vore her på besøk ganske nylig, så dei veit eg korleis ser ut. Steinar har vel blitt tre meter lengre berre denne hausten, og eg blir overraska viss eg tar feil.
Det blir også veldig spennande å sjå korleis det går med filmkvelden som den gamle filmkveldgjengen har planlagt. Så dårlige som vi var til å planlegge gjennom heile vidaregåande får vi vel ikkje gjennomført noko før til sommaren.
Vi har endelig fått litt ordentlig vintervêr igjen her nede. Det er kvitt på taka og knakar når vi går, så no er alt som det skal vere. Tusen takk for pakken, mamma, fekk han i dag - no kjem eg i mål glatt! Dette blir bra. Så blir det berre eit slit å få ferdig dei andre etter jul. :) Begynner å bli rimelig lei av å strikke lestar no.

tysdag 8. desember 2009

Besøk og bursdag - pluss ein liten god nyheit

Tja, potensielt ein stor god nyheit. Tidligare hadde eg den sunne og fornuftige vanen å høre på BBC World Service om kveldane, og det fekk eg gjort også da eg tok oppvasken her i etasjen i går. Kanskje har dette vore oppe i norsk media allereie, eller kanskje er det nytt. I alle fall er den gode nyheiten denne: Regjeringa til den godaste señor Obama har avgjort at dei store CO2-utsleppa er eit problem for den amerikanske folkehelsa. Ifølgje The Clean Air Act kan staten dermed regulere dei - dvs at Obama kan skattlegge og sette tak på utslepp utan at senatet treng å godkjenne det. Tada.
Ok. Vidare til besøk og bursdag: Marianne og mamma har vore i Oslo, og Marianne har vore på overnatting her på skolen. Så har eg vore på overnatting i Herregårdsveien. Og Christiane har bursdag i dag, så vi har hatt stor fest med talar og kjolar. Og pytt-i-panne-stuing.

onsdag 2. desember 2009

Ønskeliste

No er det jo snart jul, så viss noen får det for seg at dei vil gi meg julegave, men ikkje har heilt klart for seg kva den skal innehalde, så har eg lagt ut ei lita ønskeliste med noen tips. Ikkje-konkrete gåver mottakast også med takk (du kan for eksempel love meg å ta bussen istadenfor bilen det neste halvåret).

måndag 30. november 2009

Vellykka og mindre vellykka prosjekt

Det er for tida noen prosjekt på gang i Kråkeslottet. Eg skal nemne dei i den rekkefølgjen dei blei problematiske, og sia det berre er eitt av dei som ikkje blei det, tar eg det først: Vi har shaina opp heile huset, for det er vaskeinspeksjon i morgon, og dessutan er vi straks inne i desember. Det har komme eit bitte lite juletre på rommet til Beate, Elise og meg, og eg har fådd ein heilt FANTASTISK adventskalender i ein stoooor pakke i posten. Og som om ikkje det var nok, fekk eg i pakken også eit lilla silkeband og tjuefire nellikspiker - så no har vi venteappelsin i vindauget.
Det var det uproblematiske prosjektet. La meg no gå vidare til det første som bydde på problem: ommøblering.
Beate er visstnok glad i å ominnreie - ho seier ho gjør det ofte heime hos seg sjølv - så i eit anfall av akutt møbelflyttetrong flytta vi rundt på dei to køyesengene i rommet vårt. Planen var å skvise begge to inn i eitt hjørne av rommet, slik at vi fekk større golvplass. Det skal nemnast at vi allereie har det romsligaste rommet i huset. Det var likevel akkurat éin cm for smalt til at planen vår fungerte. Etter ein time med møbelflytting hadde vi til slutt flytta klesskapet som stod innerst i hjørnet bak døra der kor klesskapet ytterst i hjørnet av døra stod. Og motsatt.
Det neste problematiske prosjektet var ikkje eigentlig vårt prosjekt. Vi har to guterom i Kråkeslottet, med tre gutar i kvart. Dei har no gått inn i ein pepperkakehuskonkurranse. Rommet i andreetasje var ikkje heilt heldige med steiketida. Eller kanskje var det at dei ikkje satt og såg inn ovnsdøra mens kakene steikte, som ein vel helst bør gjøre. I alle fall blei pepperkakene farlig svarte og utløyste ganske kjapt brannalarmen, sånn at heile TenSing Norway måtte evakuere ut i vinterens første snø klokka halv tolv søndag natt.
På den lysare sida betyr dette at dei to øvste etasjane i huset har lukta pepperkaker i over eit døgn, noko som så klart gir litt stemning.
Og så til dagens prosjekt. Det skjedde på grunn av omfordelingstanken: Stua i toppetasjen er veldig tynt møblert. Kjellaren i huset er smekkfull av gamle møbel. Så Ingeborg, Live og Ingrid Nesland fekk lånt ein nøkkel og tatt seg inn i kjellaren, på jakt etter ein sofa. Dei var det nok av der nede - både sofaar og senger og hyller og på toppen av alt ein Harley Davidson stod på oppbevaring. Så dei ovannemnde, Kristine, Maria Kråkenes, Beate og underteikna flytta ut først motorsykkelen, og deretter ei seng og ein sofa. Senga fekk akkurat ikke plass i bagasjerommet på bilen til Rønningen, og sofaen fekk akkurat ikkje plass i baksetet, så da vi kjørte mot øversida av huset stakk sofaen ut sidedøra og senga ut bakdøra, med to stykke i bagasjerommet og éin gåande bak for å halde på ho.
Den litle detaljen som gjorde det heile så spennande, var at handbrekket ikkje var heilt til å få styr på. Først fann sjåførane det ikkje. Da dei fann det, sette dei det på for å vente på ei luke i trafikken. Luka kom. Luka gjekk. Ny luke kom. Den nye luka gjekk. Vi tre i bagasjerommet lurte litt på kva som stod på, heilt til vi skjønte at dei to i framsetet ikkje fekk handbrekket av igjen.
Etter nok tid til å hente ein fotograf og dokumentere kattepina kom heldigvis ein lærar på Rønningen forbi og fekk fridd bilen, sånn at vi kunne kjøre i sneglefart oppover vegen dei femti metrane til døra i tredje etasje. Etter å ha rygga bilen inn i oppkjørselen blei det klart at handbrekket no ikkje lét seg sette på, så mens Live stod på bremsen, flytta resten av oss møbla inn i huset.
La oss håpe at vi ikkje må flytte dei ned i kjellaren igjen når skoleåret er omme.
God første desember til alle samen!

måndag 23. november 2009

Fantastisk velkomst i Oslo!

Ein fortreffelig turne blei avslutta med ei natt med blodsmakshost og influensaverk på madrass i Jesus Checkpoint-kyrkja i Erfurt - men sånt må ein visst rekne med, skal ting gå opp i opp. Det var dermed ei lita lette å få stå opp klokka halv fem for å pakke dei siste sakene sine og hoppe i minibussen til Berlin lufthamn Schönefeld. To sikkerheitskontrollar, éin flytur og to bussturar seinare stod vi på trappa til Kråkeslottet. Og for ei trapp!
Den gamle, bratte trappa vår var vekk, og erstatta av ei flunkande ny ei med betraktelig mindre stigningsvinkel og enormt krympa livsfare. Men det stoppa ikkje der. Inne i første etasje lukta det uventa godt. Vi hadde frykta å bli møtte med Islandlukt x 4; alle gjekk rundt og mistenkte ein namnlaus "noen" for å ha glømt å ta maten sin ut av kjøleskapet før vi fór. Men i staden var det lukta av eit hus utan fukt, takka vere nyinstallert varme i kjellaren, som møtte oss. Hurra!
Men det stoppa ikkje der heller! I trappa var det svarte belegget på vatnrøra dekt til, og på badet i trappa - halleluja! - hadde vaktmeistrane sett inn ei vifte i taket!
Fantastisk også å treffe igjen alle på Rønningen. Det blir kanskje litt tungt å sette seg inn i stoffet til julekonserten vi skal ha til helga, i og med at dei andre har jobba med det i tre veker utan oss, men det skal nok gå bra. Vi har jo trass alt blitt rimelig flinke til å improvisere og ta ting fort.
Siste litle velkomstgest frå Rønningen: Velkommen tilbake, Ingrid er daghavande og må vaske fellesareala heile veka. Wuhu!

laurdag 21. november 2009

Slutt på turnéen

Kjempekonsert i Martin Luther Kirche i Erfurt i kveld! Eit par hundre publikummarar og sykt god stemning, pluss litt freestyling på tysk frå både Christiane og undertegnede, pluss eit par heiagjengleiarar som plettfritt framførte "Sie sind mit mir, und wir sagen".
Heile veka har det vore full pupp med skolekonsertar her i Thüringen - opptil sju på éin dag. Vi er no ein sliten gjeng, og etter ein dags kvile i morgon blir det flytur tilbake til Oslo, der vi snilt nok får resten av skoledagen fri. Så er det på'an igjen.
Vi har hatt det fantastisk, og møtt ein masse utrulige menneske som berre gjør ein kjempeglad, og vi kan med stoltheit fastslå at det eine TenSing-koret vi besøkte har fått 10 nye medlem, pluss at nye kor har blitt starta opp i både Jena og Sömmerda.
Det mest fantastiske trur eg må ha vore da tre jenter skulka ein time for å komme på sin tredje skolekonsert med oss i noen andre sin time, eller da vi hadde konsert saman med fantastiske, fantastiske ungar og ungdommar i Sömmerda i går. Eller at to busslaster med dei same ungane kom på konsert i dag.

måndag 9. november 2009

Island og kroppslikskap

No er vi altså endelig komne til Island. Vi landa på flyplassen i Keflavik klokka kvart over tre norsk tid på søndag, i eit landskap som vi kom fram til minna både om Finnmarksvidda og Svalbard, før vi kjørte den femti km lange turen til Reykjavik gjennom horisontal steinur, mosegrodd og vulkansk svart. Taxisjåføren fortalte oss imens om gledene ved islandsk skog, og viste oss eit plantefelt der noen graner i løpet av tjue år hadde nådd ikkje større høgde enn ynkelige to meter. "To foreigners," sa han, "we say that if you get lost in the forest in Iceland - just stand up."
Vi bur no i KFUM-KFUK sitt hus i Reykjavik. Jentene søv i opphaldsrommet, samen med gutane, (inntil det knuste vinduaget i leiliheita dei skal bu i blir fiksa,) all bagasjen, ytterjakkene våre, eit fotballspel og eit airhockeybord som hørast ut som eit mellomalderslag i eit lufteanlegg når det er i bruk. Første kvelden brukte vi til å folde ut klappsenger frå IKEA og planlegge dagens seminar i TenSing-styre-leiing. Så gjekk vi ut i islandsk novemberregn - som er skikkelige saker - og plaska oss over masse vegar til ein bensinstasjon, der vi mellom anna fann eit godteri som heiter "Eitt fett" og eit som heiter "Kropp". Gøy å sjå det på ein pose i butikken.
Noko som leier meg vidare til ei oppdaging eg og Ingeborg Gjengedal Knapstad har funne ut. Det begynte med at vi oppdaga at vi hadde hoftekulen akkurat like høgt, så vi undersøkte og fann ut at vi også var akkurat like høge. Og har skuldrene akkurat like høgt, navlen på akkurat same høgde, like firkanta fjes, veg på ein kilo nær det same. Pluss at namna våre startar på same staving. Litt lettande, altså, å endelig finne ein forskjell: Sjølv om vi har akkurat like lange føter, er mine breiare, og Ingeborg har lågare rist enn meg.
Prestungar, altså, kjem visst ikkje i så mange størrelsar.

søndag 8. november 2009

Bilde

Legg her til noen av dei bilda eg har fått somla fram kameraet lenge nok til å ta i løpet av
turnéen så langt:
Ein ekstremt lykkelig mann som satt bak Kristine på toget.

Kven kaller ein butikk for Tjernobyl gjenbruk?? ... jo, folk i spøkelsesbyen Thisted, der familiepizza er nok til å mette ein liten landsby, og alt - unntatt frisøren - stenger klokka ti om kvelden.

Stine!


... sånn ser det ut når TenSing Norway har slått seg ned ein plass...



... og sånn ser det ut på danske tog.


Litt slapt første dag i København.

Røyking dreper - spør Farao, han er daud.


Nok ein gong første dag i Danmark.


Og noko av det beste med Danmark.
Må til slutt nemne at no, siste kvelden i Danmark, var dei fleste i Fateama på konsert med Kirk Franklin. Vi fekk han til å synge "I am God", og da vi var dei einaste som kunne songen og song med, sendte han mikrofonen ut i publikum til oss. Så vi har sunge mens Kirk Franklin spelte piano til. Ikkje verst, der, altså.
No er neste stopp Island.

fredag 6. november 2009

Mission Denmark complete

Da har vi besøkt vårt siste TenSing i Danmark (det var forresten TenSing Ålborg, ein utrulig koselig gjeng.) Etter to veker med å sove på golv, ser framtida no mjuk ut: Fateama har blitt lova senger på Island. Det vil seie at vi berre må halde ut i natt og i morgon natt, før vi kan sette oss på flyet til Island og vite at vi ikkje kjem til å trenge å pakke ut liggeunderlaget.
Primiteam forlèt oss i morgon. Dei tar eit grytidlig fly til England, der dei skal ha eit tett program med skolekonsertar og hjelpe til med oppstart av noen TenSing-grupper. I kveld og i natt er vi samla her i Århus nok ein gong. Det blir ei veke til neste gong - da skal vi til Erfurt, Tyskland.

Må berre helse til alle!

fredag 30. oktober 2009

Århus

Kort rapport frå turné! For augeblikket sitt vi uverksame i Århus og ventar på morgondagen, når vi skal opptre for deltakarane på 20-års-jublieumsfeiringa på kvelden. Teama er samla - i motsetning til dei siste fire dagane. Fateama har vore på besøk hos TenSing i Næstved, Roskilde og Kolding. Kva Primiteam har drive med er eg ikkje heilt sikker på. Har ikkje tilgang til nett så ofte, så blogging har det blitt så som så med, men postkasser er det på kvart gatehjørne her i Danmark, så eg gjør eit poeng av å sende postkort heim så ofte som mulig.
Eg trefte Stine i går, og det var SUPERKOSELIG. Skulle hilse til slekta frå alle i Danmark. I dag held vi oss inne, for det er J-dagen nede i byen. (For dei som ikkje skjønner kva denne fantastiske dagen er, så står J-en for "juleølslipp".)

onsdag 21. oktober 2009

Turné i morgon!







For det første: Gaffa kan brukast til alt. Viss du ikkje kan fikse det med gaffa, bruker du ikkje nok gaffa. Her eit eksempel på det siste: Hylla mi, som eg fordi eg ikkje får lov til å spikre i veggen valde å teipe opp over senga mi, ramla i hovudet på meg ei natt. Seks striper med gaffa til, og ho er ikkje til å rikke. Skal tru om dei ikkje heller burde latt meg bruke spiker. Dei lar i det minste tapeten stå igjen uskadd.
Bilde to: Ten Sing Norway-buksa mi, med logo på låret. Vi har to umulig grøne og to umulig bærlilla skjorter, ein kornblå hettegenser og ein skaplilla (går under namnet "stålgrå") hettejakke i tillegg. Veldig fint å ha ei unnskyldning til å gå i dei same kleda i ein månad.
Og til slutt bilde tre: Alt mitt pikk og pakk for ein månad framover, stappa ned i to sekkar i løpet av ein hektisk kveld. Oh yeah. Dette blir gøy.
Viss eg ikkje alt har sagt det: Turen går til Danmark, Island, Tyskland - nærmare bestemt området rundt Erfurt, der ei eller anna gammal germansk folkegruppe bestemde at alle byane skulle slutte på -a (Sömmerda, Jena, osv. I førstnemnde skal vi ha konsert for 3-400 tyskarar på slutten av turnéen. Nok ein gong: Oh yeah.)

tysdag 20. oktober 2009

Ferdig med konsert

Vi bestilte for ei tid tilbake TSN-klede - T-skjorter, hettejakkar, genserar, bukser. Så var det eit lite uhell, så i staden for å bli sendt til oss her i Oslo, blei noen esker sendt til Hamar og noen til Drammen. Etter at dette blei klart opp i, fekk vi beskjed om at skjortene skulle komme til oss mandag etter to. Vi skulle ha førpremiere tre.
Klokka halv tre var skjortene enno ikkje komne, og vi var førebudde på å ha konsert i sivil. Åsmund ringte til fyren som skulle levere og sa at viss han kom fram kvart over tre skulle han berre stille skjortene i hallen, men viss han kom fram fem på tre skulle han ringe han.
Klokka tre var skjortene enno ikkje komne. Publikum (resten av skolen) var enno ikkje ferdige med førelesinga si. Vi helt hender og skulle til å be for showet. Vi blei ikkje einige om kven som skulle be, og til slutt begynte Elise:
"Kjære Gud -"
"Sjå kva eg har!"
Og i det same kjem Åsmund inn døra med to digre pappesker, og der var alle kleda komne!
Så vi hadde med andre ord to konsertar i full mundur i går! Førpremieren var litt slapp, men stemninga stod i taket på premieren. Takk til dei to damene innerst på første rad som heldt på å falle over seteryggane av latter allereie i introen. Og tusen takk til tante Marit som kom og såg på. Det betyr mykje.
Etter konserten møtte vi opp til evaluering med leiarane. Eg kan med sikkerheit seie at det var den beste evalueringa vi noen gong har hatt: Først kom det eit lass med pizzaar, og så kvar vår godteripose. Det var store planar i gruppa om å døgne, men dei blei visst gidde opp ganske kvikt. Klokka eitt trur eg alle hadde lagt seg. Fri i dag, og deilig med morgon igjen og fritid for første gong på verkelig lenge.
No er det turnéstart på torsdag. Da skal vi først til Danmark med buss, så til Island (med fly, viss noen lurte) og så til Tyskland.

søndag 18. oktober 2009

Éin dag igjen

I dag er det siste dag før premieredagen. (!) For å vise kor spennande vi har det, så kan eg nemne at vi skreiv om halvparten av manuset i går, og same dag hadde første dramaøving på engelsk. I tillegg hadde vi første forestilling med publikum til stades. Det var ca. 6 publikum, og dei fekk lov til å vere tilskodarar på ei øving fordi dei er bortreiste på premieredagen, men likevel er jo publikum publikum. Heldigvis såg dei fornøgde ut.

Dagens rekord: Eg var først vaken i min etasje, og sannsynligvis i heile huset, med beina på golvet klokka 08:04. Viss noen slår den: let me know.

Vil, apropos nesten ingenting, oppfordre alle som ikkje allereie har sett han til å sjå dokumentaren som blei sendt på FBI no på torsdag, om metallutvinning i Kongo. (her er linken til nett-tv: http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/560172) Og, viss dei ikkje har nett-TV, om å sjå neste episode no på torsdag. Det er eigentlig ganske sjokkerande at vi ikkje veit betre kor det vi kjøper kjem frå, og korleis det er laga. Og enda meir sjokkerande at noen av dei som grev ut kobolt til telefonbatteria våre, gjør det utan anna utstyr enn eit spett og eit stearinlys.

laurdag 10. oktober 2009

1-0, og sirkuset er i byen!

... nei, sirkuset er faktisk ikkje i byen. Grunnen til at heile TSN gjekk rundt i hylande fargerike klede og underlige plaggkombinasjonar i kveld var at Maria Aust hadde bursdag. Dei andre elevane på Rønningen opptrådde i pausen på landskampen mellom Noreg og Sør-Afrika (som vi altså forresten vann 1-0, hurra). Imens satt vi i 3. etasje i kråkeslottet og leikte dramaleikar i to timar i strekk.
Og Ingrid har kjøpt seg ullundertrøye, ei sånn kjempefreistande frå Pierre Robert som eg har ønskt meg i sikkert eit år. Ho er skikkelig god, og no sitt eg og har på meg ullundertrøye og ser på at dei andre lager rekvisittar til showet - som har premiere om ca. ti dagar...! Så ein ganske perfekt dag, med andre ord.

Nye hyller! Hurra!


IKEA! Ein av tinga eg elskar med verda!

Smil!
















Ålreit, historia bak desse bilda er som følgjer: Vårt team av hardbarka Kiwi-jegerar kom heim med ein fangst på 298 Smil. Vi gjorde det til eit prosjekt å tapetsere den eine stueveggen med papira, og her er altså resultatet.

Vidare framhald bilde







Møtesituasjon på TenSing Norway.

Tur i Nordmarka











Utvalde bilde frå turen vår i Nordmarka med heile skolen. Her er delar av TSN i ferd med å sette opp gapahuken vi sov i første natta, samt kongledyrgarden som vokal-linja laga. Og sist men ikkje minst, bilde frå da vi av ein eller annan grunn stappa buksa til Marius full av porsjonspakka syltetøy, pluss ein liten dokumentasjon frå da NRK dokumenterte oss.

Framhald bildeserie - sko og vaskemaskin


Framhald!
Her kjem neste bilde: Gangen med alle skoa våre, som utgjør ein brannfare, pluss vaskemaskina, som stod her framfor inngangsdøra i iallfall ei veke før vi fekk flytta ho inn på badet i første. Dessverre er ikkje badet i første eit våtrom (sic), så vi kan ikkje bruke maskina, trass i at vi fekk kopla ho til. Ei spennande lita historie i kvardagen!
(Vi har, viss noen blir bekymra, ei vaskemaskin på Herregården. Så viss noen på TSN går rundt og vansmektar i skitne klede er det deira eigen feil.)

Bilde - endelig!


Eg gidd dessverre ikkje skrive mange nok tusen ord til å skildre alle dei bilda eg helst vil vise fram, så her legg eg dei berre ut. Skal prøve å bli litt flinkare til å gjøre bildepublisering til ei regelmessig greie.

Her kjem bilde av rommet vårt - senga mi er øvste køye til høgre.

fredag 2. oktober 2009

Høstferie

Vanvittig deilig å ha noen dagar som berre er fri, og berre er kos. Middag i dag: Kotelettar og fløtegratinerte potetar. DET er middag! Og å lage den middagen på kjøkkenet i Kråkeslottet: DET er ekstremsport! Marius hevda at fettosen i rommet er like helseskadelig som eit par sigarettar, og at fenomenet er grunnen til at kokkar ikkje bør røyke.
Vaska vindauga på utsida med zalo i dag, fordi vindaugspussen vår lagar fettflekkar på glaset. Zaloen lager render, så da var vi omtrent like langt.
Men alt i alt begynner det å bli skikkelig knall å bu i Kråkeslottet! Og særlig er det deilig å bu her og attpåtil ha litt ferie.

søndag 27. september 2009

Tidsbruk - prioritering

Min tidsbruk i går:
- 1 time og 40 min på å sjå "Hangover"
- ca. 1,5 timar på å ete
- 30 min på å lese i "Det musiske mennesket", som er del av pensum
- ca. 5 timar på førelesning
- 20 min. på å rulle ut ein dorull nedover trappa, og så rulle han saman igjen, fordi eg ville finne ut kor mange tørk det er i ein dorull (240)

Det siste var eit innfall som eg straks innsåg at var heilt forrykt, men som eg likevel gjennomførte fordi eg etter litt ettertanke skjønte at eg hadde fryktelig lyst til å gjøre det. Eg var svært lykkelig i tjue minutt, og er framleis storfornøgd med og stolt av å ha gjort noko av den enkle grunn at eg hadde fryktelig lyst.
Eg håper at ingen av dei andre på TSN les dette, for da vil eg ikkje vere i stand til å sjå dei i auga på ei veke.

onsdag 23. september 2009

FBI

For dei som ikkje fekk med seg at mange elevar frå Rønningen, deriblant fleire medlem av TSN, var å sjå på TV i dag: Vi var på TV i dag. Ganske morsomt blei det også, særlig fordi vi hadde varsla vennar og kjende om at vi kom til å delta i ein test på Forbrukerinspektørene, og så opna programmet og handla berre om tåteflasker med miljøgift i i eit kvarter før dei kom til turkokartesten vi hadde vore med i. Noen spurde om det var oss dei hadde testa tåteflaskene på. Artig. At den eine av leiarane på TSN blei omtalt som elev på Rønningen var også gøy.
Forresten! Konserten er snart klar til å begynne å øve på! Vi har ein superkul fellesdans ferdig. Vi har bestemt kva songar vi skal ha. Vi har skrive ferdig manus (iallfall så godt som). Premiere 19. oktober! Lang nok tid til å øve? Håper det...

tysdag 22. september 2009

Endelig brød til folke-! -høgskolen

Dei første tre vekene på skolen har det vore ein del lite tilfredsstillande likskapar mellom madrassen i senga mi og brødskivene vi får til måltida. Begge delar har vore mest luft og minna litt om skumgummi. Madrassen blir like tynn som handleddet mitt når eg legg meg på han. Brødskivene blir like flate som teposar (ikkje det at eg legg meg på dei.) Det er eigentlig kjekt at madrassen blir så tynn - det betyr at freistinga til å ligge og dra seg minskar betraktelig når eg vaknar på han om morgonen. At brødskivene berre er luft er ikkje så bra, for alt det fører til er at eg får ein masse luft i magen og at eg må ete seks brødskiver for å bli mett, noko eg ikkje har tid til - så no har eg ete havregrøt og knekkebrød ei stund.
MEN I DAG! var det noko som minna mistenkelig om heimbakt brød til frukost!
Hipp hurra - alt er bra.
Profilane våre på KM sine sider kjem forresten snart på nett (trur eg...?) Sjekk ut!

onsdag 16. september 2009

Lars Monsen neste...?

Oi, så gøy! Eg kjem på TV om ei veke. Etter fire dagar på tur i Nordmarka var vi tydeligvis tilstrekkelig villmarksaktige til at NRK var interessert i å bruke oss på TV, så gjennom ein avtale ein av lærarane hadde med (trur eg) ein fyr i turforeininga, fekk vi vere med som statistar i TV-bilda til ein test av gassbrennarar som FBI skal vise fram neste onsdag. Utan sjølv å ha sett noen av opptaka, trur eg at det kan bli ganske artig. Så benk dykk framfor skjermen onsdag!
Vi har, som nemnt, vore i skogen noen dagar. Overnatta på - viss eg ikkje hugsar feil - Øyungen, Kikut og Nordmarkskapellet. Kanskje ikkje den barskaste turen i Noregshistoria, men vanvittig hyggelig.
På TSN-fronten har vi no éin dag til å finne ei ny historie til konserten. Men det går sikkert fint. Håpar vi. Vi har to-tre lure forslag vi kan gå for så snart vi får diskutert det alle saman saman. Og så er det å begynne å jobbe med dans og songar.
Mamma stakk innom i dag på veg til pilegrimsvegen i Spania. Ho fekk ein kopp te, og eg fekk ein bag full av ting, som strikkepinnar, vinterklede, første Tidshjulet-boka til research, og ei KNAGGEREKKE SOM KAN HENGE PÅ DØRA! Fantastisk! Da er eg klar for haustferie om noen veker... :)

laurdag 12. september 2009

Opp i skogen

Etter ein hendingsmetta dag, med steinhardt programskapingsarbeid og eit fantastisk besøk hos Hank von Helvete og gjengen på Jesus Christ Superstar, sitt store delar av TSN no i stua i første etasje i Kråkeslottet og stirar i dataskjermen. Pakking er unnagjort (iallfall for min del) for firedagars tur i marka frå og med i morgon.
Den som er flink med datoar og tal vil skjønne at vi er i skogen under valet. Vi skal halde valvake i Nordmarka. Stemninga er litt spent, etter overveldande blå tal frå TV2 si (heldigvis feilaktige) siste meiningsmåling. Hove-brørne har nettopp oppfordra alle til å pakke lett så vi er klare til å stikke over grensa til Sverige eller hoppe på nærmaste fly til Sveits i tilfelle skjebnesvangert valresultat. Og å ikkje glømme øks, i tilfelle det blir væpna revolusjon og vi må blø for gamle Noreg.
På den lysare sida er det ikkje lange strekninga vi skal gå, så turen i seg sjølv blir iallefall berre kos, med ein trivelig gjeng ungdommar. Og skulle ting gå galt på valnatta, så får vi heller skru av radioane og kjempe raud-grøn-blå-gult mot mørkeblått i Nordmarka. Det kan forsåvidt også bli gøy.

onsdag 9. september 2009

Og rulle som ballar trillar vi ut til hausten...

I kveld har eg ete siste rest av Ane si bursdagskake til kveldsmat. Skalkane av bursdagskaka til Elise opptrådde på menyen rundt lønsj, og klokka tolv i går natt blei den same kaka offisielt opna, saman med is og peanøtter. Live har bursdag om noen få veker.
Samtidig held vi på med å tapetsere den eine stueveggen med Smil-papir, etter at eit Kiwi-raid resulterte i 298 rullar Smil (slik er livet her, Steinar og Marianne!) Ørevoksen får snart blå skrift og Freia-merke på seg. Når vi skal på turné kan dei bruke oss til å trille flightar på.

måndag 7. september 2009

Dramatiske hendingar! Spenning!

Kråkeslottet har ei trapp - vel, det er vel eigentlig meir ein stige - som går frå første til andre etasje på utsida av huset. Den første dagen i huset blei spørsmålet stilt: Lurer på kven som blir den første til å dette i den trappa og knekke nakken?
Spørsmålet om kven som er førstemann til å knekke nakken står enno utan svar, men førstemann til å dette i trappa blei Live. Okla blei litt øydelagd, og legen sa to dagar i seng og to dagar i ro. Dermed går alle no i trappa inne i huset. Ho er minst like bratt, men har ikkje like dårlig rykte.
Showet har vi komme godt i gang med - ramma og plottet rundt det er ganske klare no.
Utanom dette, for å svinge innom kategorien plagsam tastaturdiaré, har eg i dag skaffa meg lånekort på Deichmanske bibliotek, og ein skikkelig lur matboks med skjerefjøl, sil, spork, fat, bolle, kopp med lokk, og vasstett boks. Takk for at eg får informere.

laurdag 5. september 2009

Første innlegg!

Eg sluttar meg herved til bloggaranes rekker.
Eg lover at eg ikkje skal bruke bloggen til å fortelje verda kva genser eg hadde på meg i dag, kva type kaffe eg drakk til lunsj, eller andre ting verda bør sparast for å få vite.
Eg lover også at eg ikkje skal la meg freiste til å la ytringsdiaré søple til bloggen med unødvendige innlegg av annan karakter.
Grunnen til at eg har fått meg blogg, er at eg har flytta til Oslo, og at eg er på TenSing Norway i år, sånn at eg for første gong verkelig kan komme til å hamne i den situasjonen at eg har noko spennande å formidle.
Les, den som vil. Den som ikkje vil - hugs at her er det ingen tvang.