søndag 31. januar 2010

Tidenes ferieidé?

Akkurat no er vi i Eid kyrkje like ved Stryn, etter å ha sete på rumpa i tog og buss i tjuefire timar. Etter å ha tatt nattoget frå Fauske til Trondheim, tok vi vanlig tog til Otta, der vi bytta transportmiddel til buss. Mellom dette byttet var det ein pause på tre timar. Den fylte vi med middag, opphald i internettkaféen på togstasjonen, og ein tur til Statoil, og det var altså på Statoil at den fantastiske ferieidéen dukka opp. Sannsynligvis var inspirasjonen først og fremst at vi stod nesten ti stykker og campa rundt kaffeautomaten: Kor gøy ville det ikkje vere å leie ein campingbil, trykke så mange som mulig inni - og da meiner eg ikkje fem-seks, men eit dusin eller meir - og kjøre nedover Noreg med ein statoilkopp kvar. Så kunne ein parkere campingbilen utanfor stasjonen, og så opphalde seg der som ein annan grasshoppesverm i, tja, eit par timar, kanskje, med full fest på kaffe og kakao. Muligvis ville dette vekke litt oppsikt.

Muligvis ville det også vere litt synd i den stakkars statoilstasjonen.

torsdag 28. januar 2010

Nordlys og vêr

Nemnde forresten ikkje at vi tok oss ein tur ut mens vi var på Myre og det var klart. Vegen var iset og glatt, så eigentlig burde vi vel ha sett ned, men heile poenget med turen var å sjå om vi kunne få auge på noko nordlys. Og det gjorde vi, til laber, men tiltakande begeistring frå Eirik og Thomas (Bergen og Førde). Det var først litt skepsis til om den bleike greia på himmelen var nordlys (som jo som regel blir framstilt som neonskarpt grønt) eller berre ei sky. Etter kvart vaks likevel entusiasmen, særlig når vi kom litt unna husa og lysa.
Vêret er reine utstillingsvindauget. Vi har som sagt hatt klarvêr med nordlys, tett følgt av full storm, regn, og no snøkov og fokk.
Må berre seie tusen takk for statoilkoppen min som eg fekk til jul, for det viser seg at ikkje berre får ein kakao og te gratis med han, men ein får også halv pris på bollar. Hurra!

onsdag 27. januar 2010

Ny turné!

No er vi i Lofoten, på ei rorbu i Vågan. Om litt skal vi ha konsert på eit kjøpesenter her, og i kveld skal vi vere med på nystart-øving av Vågan TenSing.
I helga har vi vore i Myre i Vesterålen, der vi over tre dagar hjelpte noen lokale eldsjeler til å starte opp ei TenSing-gruppe. Underlig korleis tre dagar går i eitt når ein er dag og natt i same bygg utan å gå ut.

tysdag 5. januar 2010

Slutt på jula!

Siste dag jul i dag, og no har vi altså komme tilbake til Kråkeslottet alle saman. Det gledar meg også å melde at sjølv om ingen - INGEN! - av alle mine vennar, kjende eller slektningar syntest det passa seg å gi meg det eg ønskte meg MEST til jul - nemlig gaffateip - så har eg tatt steget og kjøpt meg ein rull sjølv. I løpet av ein dag har eg teipa opp eitt bilde og to hyller. Ei av dei var den som hang over senga mi i noko dårligare teip tidligare. Men når ein teipar noko med gaffa, så held det seg teipa! Eg treng altså ikkje lengre å frykte for livet mitt mens eg søv - no kjem den hylla ikkje til å dette ned før tapetet gir etter. Nyttigare gåve til seg sjølv skal ein leite lenge etter.