onsdag 17. februar 2010

Endelig i Bergen


Etter tre veker med konstant omflakking er det deilig å få sove på eit rom der ein kan rote utan å grue seg til å måtte pakke alt saman ned igjen om noen timar.
Vi har slått oss til for veka på Ynglingen i Bergen, der vi søv på firemannsrom i senger som ser ut som fengselsinventar og hørest ut som ein hønsegard. Og det er ikkje berre vi som har slått oss til her: Utanfor vindauget sitt det til kvar tid minst eit halvt dusin duer. Dei byksar att og fram over gapet mellom eit rør oppunder taket på vårt hus og taket hos naboen - ein avstand på maks to meter. Kurring og vingesus er konstant bakgrunnsstøy. Det er som ei blanding av Helvetesgapet frå Ronja Røverdatter og Brødrene Løvehjerte. Innimellom all duelyden står Korskirken for fem minutt med ringing ca. kvar heile time, og Bergen by har nok av trafikk, så stille blir det sjeldan.

Som venta er folk blitt sjuke. Etter tre veker som forplikta til å vere i toppgir og fulle av humør, har mange blitt ikkje berre litt, men veldig slappe no som dei endelig har sjansen, meg sjølv inkludert. Eg tok meg ein liten lur som enda opp med å bli tre timar lang i formiddag. Beate i køya under har sove enda meir, sia ho bryggar på ein influensa.

Vi er likevel ikkje heilt uverksame her. Både i går og i dag har vi hatt studie, først gruppearbeid med eksegesene, og så førelesing om hermeneutikk. Tastatura hamrar og slår og det blir skrive intenst. I kveld besøker ein gjeng Bønes TenSing, og mandag var vi på visitt hos Ytrebygda TenSing. For ikkje å snakke om i går, da nesten heile TSN var hos Marte og fekk bollar og fantastisk kakao med krem. Det var feitetirsdag. I dag er det som kjent oskeonsdag, og vi er i gang med fasten. Tradisjonell faste på TenSing Norway er ikkje å anbefale, sia ein aldri veit kva ein får til middag, men i alle fall kan vere sikker på at det inneheld kjøtt, så dei fastande har vald berre å avstå frå sjokolade og desslike.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar