fredag 9. april 2010

Ungarn

Det første ordet ein lærer når ein kjem som flyturist til eit land, er "toalett". Eg hugsar ikkje akkurat kva det var på ungarsk, men det inneheldt o-ar og slutta på -k (skjønt k-en er berre fleirtalsendinga, har eg oppdaga). I Ungarn skil dei heller ikkje mellom han og ho, så her er det duka for artige situasjonar når dei skal prate engelsk.
Vi er saman med TenSing-gruppa til KIE (Ungarsk KM) i Bekescaba, fem timar unna grensa til Romania. Fleirtalet av teamet er fordelt på vertsfamiliar. Eg, Cathrine og Ingeborg bur i ei leiligheit over den lokale lutherske skolen. Det er godt og vel plass til seks personar fordelt på tre rom, men ingen av oss hadde lyst til å sove aleine, så vi skvisa inn ei dobbeltseng til i det smalaste soverommet, sånn at vi ikkje lenger har noko golv der inne. Men DET gjøkkje nokka!, som dei seier.
I går hadde vi ein del skolekonsertar på religiøse skolar, og også ein konsert framfor det lokale teatret, som har sponsa KIE Bekescaba med pengar til å få oss hit (dei er den største, men fattigaste delen av KIE i Ungarn. Lite pengar, men mange folk - sånn blir det når ein bur i ein av dei fattigaste regionane i Ungarn). Under denne siste konserten var det både ein TV-mann og ein bladfyk til stades. Akkurat no kjem dei andre inn døra og rapporterar at dagens avis har framsida "Magiske TenSing". Her er ei nettside som blei oppdatert i går:

http://bekesmegye.hir6.hu/ckk/41107/100408_miert_eppen_a_norvegok

Sjekk gjerne ut bildegalleriet - det er bilde av skoa mine der. Under bildet av Marius hevdar journalisten at han liknar på Liam i Oasis.
Vêret er upåklagelig, og sommarlig som berre det. Trea blomstrar, og det er 25 grader i sola. Heilt sia vi landa har eg hatt følelsen av at eg eigentlig er på ein slags gigantisk minigolfbane, for det er så uverkelig grønt.
Vi såg forresten også ei fersk, sannsynligvis dødelig bilulykke på vegen hit. Vegane er heilt strake, og landet er heilt flatt, og dermed blir forbikjøringane til tider livsfarlige.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar